|
Hardanger Cideri AS
Org. nr.: 956 995 140
Me er 5 fruktdyrkarar som eig firmaet:
Torill S. Widding - styreleiar Sjur Jaastad - dagleg leiar Øyvind Lund - prod. sjef Reidar Instanes. - prøvesmakar Terje Bleie - prøvesmakar
Om oss
Hardanger Cideri AS held til på garden Jåstad på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ved riksveg 550, 10 km sør for Utne.
Her har 5 fruktdyrkarar i fellesskap laga til eit produksjonsanlegg for saft og cider i ein gamal driftsbygning. Bak solide steinmurar finn du her moderne utstyr til pressing, lagring og tapping. Selskapet har løyve til produksjon av alkoholhaldig cider som kan leverast til serveringsstader som har skjenkeløyve.
I tillegg produserer me cider med 4,7 vol.% alkohol som kan seljast i gardsbutikkar og daglegvare- forretningar. Me kan også levera nypressa og/eller pasteurisert eplesaft.

|
|